Stemming

Å stemme pianoet regelmessig anbefalast. Då vil resultatet bli betre, og instrumentet vil halde seg stabilt.


Er det lenge sidan sist?

Det er sjeldant for seint, men krever gjerne litt meir arbeid enn på eit regelmessig stemt piano. Over tid fell tonehøgda (kammertonen bør ligge mellom 440-442 Hz).

Har tonehøgda falle mykje må ein gjere såkalla "opptrekk" (grovstemming) først for å: 

  • få instrumentet opp i riktig tonehøgde, og
  • kunne gi ein finstemming som vil vare

Vedlikehald

Normal slitasje er uungåeleg med tida, og ettekvart kan pedalane byrje å knirke, tangentane sitte fast, ein tone slå dobbelt, eller noko "inni der" lage irriterande lydar. Slikt tar bort mykje av spelegleda. 

 

Som pianoteknikar har ein kunnskapar om mekanikken, og korleis den fungerer.

 

Eg utfører service på flygel- og pianomekanikk, i tillegg til reperasjonar og bytte av delar.