HEIM

Hjellum pianoservice

Bergen, Vestland

Oppdatert for 2025

Litt meir om arbeidet

Send e-post med skjema

LITT OM MEG

Namnet mitt er Britt Linn Hjellum Ruud, og kjem frå Bergen.

Eg har utdanninga mi frå pianoteknikerlinja i Sverige.

I mai 2017 vart eg autorisert av Sveriges Pianostämmare & teknikerförening. Sidan utdanninga har eg deltatt på fleire kursar og seminarer, pluss pianofabikkopphald i Tyskland.


Hovudsakleg held eg til i Bergensområdet, men gjer nokre reiser rundt i fylket. Stemmer jamnleg for blant anna Bergen Jazzforum, Nattjazz, DNS, Bergen kulturskule, og har vore pianostemmar for Moldejazz sidan 2018.

Ofte stilte spørsmål

Kor ofte bør ein stemme pianoet sitt?


Det vanskelegste spørsmålet! Ein seier ofte éin gong i året. Då slepp du at det synker mykje og får sett til det jamnleg. Nokre instrument held seg godt, nokre rom har veldig varierande klima som gjer det ustemt fort. Det er ganske varierande når det ikkje er kjekt å spele på pianoet lenger.

Tar du vipps?


Dessverre kan eg ikkje lenger sende faktura via vipps, men har fem andre alternativ:

  1. E-post med faktura i PDF-fil
  2. E-faktura som kjem rett til nettbanken (inneheld også fakturaen).
  3. Papirfaktura i posten
  4. Sms med link
  5. EHF (for firma)

Er det mogleg å stemme svært gamle piano?


Ja, dei fleste gamle piano kan stemmast, men det kjem an på tilstanden til mekanikken og strengane. Ved tvil kan vi vurdere instrumentet først.
Av erfaring er det sjelant at det ikkje lar seg stemme så lenge det er frå 1900-talet og ikkje har stått utandørs.


Kva må gjerast klart før du kjem?


Ingenting! Så lenge lokket kan opnast så kan pianoet stå nett der det står.

Hva er det som gjør at pianoet ikke holder seg stemt?


Eit piano blir påverka av endringar i temperatur og luftfuktigheit, som gjer at treverket og strengane utvidar eller trekk seg saman. Sjølv om du er god på å halde same temperatur i rommet, så gjer luftfuktigheita store svingningar gjennom året. 



Kor lang tid tar ei pianostemming?


Ei stemming tar vanlegvis mellom 1,5 - 2 timar.

Pianostemmar og -teknikar

Som pianoteknikar har ein kunnskapar om mekanikken, og korleis den fungerer. Då kan ein gjere reparasjonar når noko er øydelagt, bytte delar, og utføre service på mekanikken når det trengst.

SEND E-POST MED SKJEMA

Ta gjerne kontakt for spørsmål eller for å bestille pianostemming.

Det hender at eg ikkje kan ta telefonen medan eg er på jobb, så det beste er som regel e-post eller sms.